ÅMOT GARD

Du føler deg som verdas heldigste når kompanjong og venninne Gunvor Røkholt inviterer deg til ein workshop på sjølvaste Åmot Gard. Eg har hørt om denne plassen i årevis, men besøkte den for første gang i fjor, då eg var seljar for Norengros. Eg vart umiddelbart bergteken av det smakfulle, fargerike og leikne interiøret som osa av luksus, men også av noko lunt og nært. 

Grunna Covid-19 restriksjoner var Gunvor og eg på garden heilt aleine. Eg hadde egentlig håpa at Yngve og Steinar, som er vertskapet, var tilstades. For då eg besøkte dei i fjor kjente eg på ei kobling som er vanskelig å skildre. Du berre føler det, dette er folk som du har lyst å ha rundt deg. Sånn hadde eg det også med Gunvor, som eg på dåværande tidspunkt ikkje kjente. Ho traff eg nemlig i Kalvåg, når eg var på eit av arrangementene mine hos Knutholmen. At ho blei bindeleddet mellom alt det fantastiske eg skal få oppleve framover er så vidunderlig og rart. Gunvor er nemleg interiørdesigner med byggteknisk bakgrunn, som jobber med mange av dei reiselivsaktørane i Sogn og Fjordane som eg også jobber med. Ho er det eg karakteriserer som eit GENI, og har gjort interiøret på eksklusive stader som Åmot, Sjøholt, Fjærland Fjordhotell, 292 Aurland osv. Ei drivande dyktig dame som er proppfull av strålande ideer og livslyst, som eg er vilt begeistra for å ha møtt! Gunvor ønsker å formidle ei historie, eller få fram ein karakter/egenskap gjennom fargar og tekstiler, og det er ikkje vanskelig å sjå at ho klarer på ein aldeles strålande måte! Sjekk gjerne ut heimesida hennar for å sjå dei ulike stilane ho har laga her:

BLI MED OSS PÅ TUR!

Vi har lyst å inspirere DEG på kvar vår måte, så har du lyst å vere med oss på ei inspirasjonshelg på Sjøholt på Knutholmen 5-7 mars, kan du lese meir om det og melde deg på her . Eg kan GARANTERE at du blir inspirert og at det blir ei helg du aldri gløymer! 

Åmot Gard har gått i gjennom ulike epoker, det var i mange år ein arena for eksklusive konsertar, gourmetkveldar, bryllaup og anna. No har dei spissa konseptet og satsar i ei litt anna retning. Du kan sjekke ut heimesida deira om du er nyfiken på kven dei er. Den finn du her. Ein av tinga som gjer at dei skil seg ut er i allefall den kule interiørstilen. Fargar gjer noko med oss, og når det er harmonisk sett saman slik som dette, kan ein ikkje bli noko anna enn glad av det, uansett kva som foregår i livet ellers!

Eg håper du blar gjennom desse bildene med fryd. Eg kjenner eg elsker å leike med folk som tør å stå ut av mengda, dei som skaper noko anna enn kva du forventer dei skal levere. Det er noko med overraskingsmomentet - det gjer noko med oss. Det inspirerer. Inspirasjon er for meg synonymt med livslyst. Og det trur eg vi ikkje kan få nok av rett og slett.