Å vere med meg på tur skal vere utfordrande, men på ein god måte. Eg legg stor vekt på kos, humor og kjensla av å vere god nok - uansett kva du kjem med i sekken. Neste tur du kan melde deg på er til vakre Vetvika, 12-14 juni 2020 Les meir om dette HER

TIDLEGARE ARRANGEMENT:

Jentetur i Jølster var ein suksess: Matbloggar Linda Stuhaug hadde workshop der vi laga turmaten for helga, vi gjekk fjelltur til historiske Lundeskaret, og vi hadde fotoshoot på toppen med fashionfotograf Helle Frogner. Helga baud også på foredrag, yoga, thaimat, grilling og SUP-padling!

Hornelen - Europas høgaste sjøklippe

I september 2019 arrangerte eg tur til Hornelen frå Knutholmen i Kalvåg. Vi kunne ikkje ha vore heldigare med veret, det var strålande sol og blå himmel. Turen til Europas høgaste sjøklippe var ein draum som gjekk i oppfylling for fleire av dei 23 deltakerane. Søndagen starta vi dagen med yoga på brygga og avslutta den med SUP-padling.