Tur til eventyrslottet og kunstnarbygda BALESTRAND.

                                  28.-30. august

"Perla ved Sognefjorden" er kjent langt ut over landegrensene våre, men trass i om eg har budd berre nokre timar unna, var eg godt vaksen første gang eg besøkte Balestrand og Kviknes Hotell. Det var eit høgtideleg møte for meg, for eg hadde høyrt soga om dette fantastiske trebygget, som får Soria Moria slott til å bleikne. 

Eg trur eg knapt pusta då hotelldirektør Sigurd Kvikne fortalte historia om Noregs største fjordhotell, om Keiser Wilhelm som ferierte der med pomp og prakt, om alle kunstmålerane som vitja bygda og måla nasjonalromantiske bilder, om Margareth - prestedotra som gifte seg med hotelldrivaren og vart ein pionèr innan norsk fjellsport. Historiene er mange, og dei er facinerande - det same er hotellet, bygda og folket som bur der!

28-30 August kan du oppleve den magiske atmosfæren på denne staden. Like viktig som opplevinga i kulturen, maten og naturen - er opplevinga vi får når vi samler ein heil haug med damer som ønsker å gje av seg sjølv, og ta i mot det DU har å gje. På turane eg arrangerer er det fokus på å vere lavskuldra og har det kjekt, uansett kva du har med deg i bagasjen <3 


Program for helga blir følgande:

FREDAG:

1830: Velkommen v/Ingeborg

1900: Forteljing/foredrag om historia til Kviknes Hotell v/Sigurd Kvikne

2000: 3-rettar middag 

LAURDAG:

0800: Frukost og nistesmørring

0900: Tur til Raumelen, med storslått utsikt over Sognefjorden.

1800: Bading i fjorden etter turen for dei som tør!

2000: 3-rettar middag og sosialt

SØNDAG:

0900: Frukost

1000: SUP-padling og bading i fjorden, frå hagen på Kviknes Hotell

1100 - 1200: Yoga og takk for denne gang

PRIS: 3990 ALT INKLUDERT 

(enkeltromstillegg +350 kr per natt, utsiktrom +210 per natt)


På utsiktpunktet på Raudmelen blir det fotoshoot i kjoler og det ein måtte ønske, nistekos, avslapping og ladding av batteri før vi går ned att - med sekken full av godkjensla! Turen går oppover på godt merka sti i slakt terreng før det siste partiet som er noko brattare. Vi bruker ca 3 timer inkl pauser opp. Turen passer for dei som meiner dei er i "heilt grei" form.