Jentefest

No er vi drittlei Covid, og det ser ENDELIG ut som lysa i tunellen ikkje berre er nok eit tog i form av ein virusmutasjon på full fart i mot oss. Sommeren SKAL bli heilt rå, og det ønsker vi å både manifistere  og kickstarte med TIDENES jentefest i Kalvåg!

21-24 april inviterer eg i samarbeid med Knutholmen til ei helg spekka med inspirerende kvinneske, tyll og kjoler, deilig mat, fargerikt interiør, yoga, bading og sauna, hudpleie og gaver, natur og fotoshoots. 


Du får mellom anna møte desse nydelige quinsa:

Gunvor Røkholt, er ein av Norges fremste interiørdesignere. Ho har designa interiøret på nokre av dei mest eksklusive stadene i landet som Sjøholt på Knutholmen, Villa Åmot, Fjærland Fjordstovehotell og mange fleire. Ho har med både nylansert bok, inspirerande ord og ein nydelig smykkekolleksjon.

Kjoledesigner Kristine Sidauskaite, er dama bak dei magiske tyllkjolane eg har brukt på mange bilder, og vil vise fram og fortelle om korleis ho lager poesi i tyll og farger. Det blir også mulighet for å prøve på og ta bilde i kreasjonane hennar.

Kosmetisk sjukepleiar Heidi Støfring og to av hennar samarbeidspartnere vil gje oss tips på korleis vi skal stelle ei aldrande hud og har med gode tilbod på produkt. Alle får også ein urtepeelingbehandling som gåve .  

Underteikna skal holde foredrag, yogatime, og guide dykk til topps på verdas finaste perle: Utkikkspunktet til Vetvika. Om nokon ønsker å gå heile runden, kan vi også organisere ekstra guide til dette. (Rundtur: 7 timer, til utkikkspunkt: 4 timer t/r)

Med i prisen får du alle aktiviteter, frukostbuffet, middag og havets festbord, overnatting i dobbeltrom, goodiebag med gåver fra mine samarbeidspartnere, høgkvalitetsbilder av deg sjølv på utkikkspunktet til Vetvika i det du ønsker: kjole, bunad, badedrakt, turkle, osv.


Sjå fullstendig program og pakkeliste lenger nede på sida.


Pris:

tors-søn: 5990 pp i dbl rom : Du kjem torsdagsettermiddag og får med deg heile fredagsprogrammet. Du får også goodiebag til en verdi av 2000 kr!!!

fre-søn: 4990 pp i dbl rom : Du deltek frå middag av fredag.

enkeltromtillegg: 330 pp/pd

Faktura på 50% av summen tilsendes ved påmelding og sikrer din plass. Resterende beløp betales ved innsjekk på Knutholmen. Ved avbestilling før 1 april refunderes heile beløpet, etter dette refunderes 50% inntil 14 dager før, etter dette refunderes beløpet ikkje. Avlyses arrangement pga Covid eller andre ting, refunderes heile beløpet.

PÅMELDINGSSKJEMA

Torsdag: 

Innsjekk 

20:00 2 retters middag 

Fredag: 

0700-0830: Frukost 

0900: yoga 

1100: Foredrag Sol 

1200-1300: Lunsj etter behov 

1300: Hudpleiespesialister held innlegg og du kan få skreddersydd hudpleieprogram og kjøpe produkt til redusert pris. Gratis herbalpeel til alle. 

 1430: Gunvor Røkholt held foredrag om fargerik innredning, signerer bøker og guider gjennom ein Minimeditasjon 

1600: Kjoledesigner Kristine viser fram og fortel om tyllkjolane sine 

1700: Fotoboot: Dei som vil kan få ta bilde i kjolane på kaia av profesjonell fotograf 

2000: 2 rettes middag 

Lørdag: 

0700-0830: frukost 

0930: avreise Vetvika 

1600: Flytande sauna og bading 

2000: Middag : Havets Festbord: Buffet med det deiligste havet har å by på!

Søndag: 

0700-0830: Frukost 

0930: Yoga 

1100: oppsummering og avslutting 

1200: utsjekk og takk for denne gang 


PAKKELISTE

Turkle etter vêr: Bukse, dunjakke, vindjakke, buff, lue, voter

Sekk, termos, drikkeflaske, snacks.

Badetøy, badekåpe.

Yogaklær: Tights, topp/genser, tynt pledd (fleece holder), yogamatte

Penklær til middagene

Fotoprops / antrekk for dei som ønsker å tøffe seg i Vetvika :)