Ambassadørhelg i Kalvåg

04.05.2021

Eg har i mange år jobba med arrangement der eg tek damer med på tur ulike stader i Sogn og Fjordane. Konseptet er utrulig enkelt: vi skal ete god mat, gå på fjelltur, bade i sjøen, gjere yoga, bu på flotte hotellrom og det aller viktigaste: bygge relasjoner til kvarandre. Dei fleste av desse arrangementene har eg lagt til Knutholmen og Kalvåg fordi området byr på fantastiske turer, medan hotellet har topp kvalitet på både mat, vertskap og hotellrom. 

I helga gjorde vi ein liten vri, når det kom til gjestane. Vi inviterte instagrammere til å komme å bygge nettverk, oppleve, vere kreative og å produsere saman. Eg savner ofte å ha kollegaer som jobber med det samme som meg, så det var fantastisk å møte folk som bobler over av skapertrang, naturglede og iver etter å knytte nye band. For Knutholmen handla det om å få vist seg fram gjennom nye kanaler.

Folk kom til ulikt tidspunkt på fredagen. Dei som kom tidleg kunne nyte dagen på Grotlesanden, ein av Noregs finaste sandstrender. Her vart det fotoshoot med bading, leik og morro - alle i sine kohorter sjølvsagt. 

Etter ein nydeleg 3-retters middag på Knutholmen heldt Jan-Fredrik ein strålande presentasjon av Knutholmen. Han tok over som Dagleg Leiar då han berre var 20 år gamal, og 15 år etter kan vi sjå attende på ei rivande utvikling og ei fantastisk historie. Eg meiner at det å tilføre nære fortellingar om vertskap, visjoner, mål og motgang tilfører eit nytt lag i opplevinga av å vere i Kalvåg. Ein blir stolt av det dei har fått til. Ein har lyst å yte, vise fram, fortelje, løfte og spre. Ein har lyst å vere ein del av den gode atmosfæren og det kreative og positive pågangsmotet som gjennomsyrer alt vi ser rundt oss. 

0700 laurdags morgen kom dei fleste for ein frisk start på dagen. Folk som aldri har bada i vatn under 18 grader heiv seg i sjøen, og sprang knisande inn i saunaen for å varme seg att. Frukost vart servert fram til klokka 0900, så starta aktivitetane for dagen. På grunn av Covid delte vi gruppene opp i 8 personer, og deretter i interne grupper på 4. 

Vi vart kjørt i båt til ei av øyene utanfor Frøya. Her fortalte Per Gulestøl mange spennande historier om mannen som budde der og vokta fyret. Vi gjekk i land og vandra rundt medan vi naut horisont, stillhet og natur. Ein mildt sagt nydelig opplevelse!

Visste du foressten at Kalvåg har ei innandørs sandstrand som held deilig temperatur året rundt? Hos Carolas Buaspa og sol kan du booke deg inn og nyte sommaren, sjølv om det er midt på vinteren! Etter ein deilig time med sol og sand er det også fantastisk å legge seg oppi boblebadet som står på kaia framfor bygget. Eg kan med sikkerheit sei at det var ingen av oss som var spesielt gira på å forlate dette nydelige anlegget! Bildene taler vel for deg sjølv?

Men vidare måtte vi. Vi møtte resten av gruppa vår og drog samla til Nesje Fyr, kor turen til stormhytta Dosabu starter. Dette er ein lett og fin tur som tek ca 1 time kvar veg. Her ligg storhavet rett vest, og som regel ser ein havørna som ligg og cruiser på oppdrifta i himmelblå. Det er mektige motiv kvar ein snur seg, og det kjennes befriande å kjenne på lukka som kryp langt under huda av å sjå den lange horisonten i det fjerne.

Det var sett av 4 timer tur/retur Dosabu, noko som i grunnen føltes altfor lite - då alle ville vere lengre og fange fleire motiv. Vi kunne nok ha vore her resten av dagen, men hensikta med ambassadørhelga var å vise fram så mykje som mulig på ei helg - så vi måtte vidare. 

Neste aktivitet var kajakkpadling med Norway Adventure, med start frå kaia framfor Knutholmen. "Dette var ein heilt nydelig avslutning på ein aktiv dag", sa Christian - som virkelig fann roen i kajakken.

Norway Adventure tilbyr både våtkortkurs og guida turer i heile sommer. Sjekk ut heimesida deira her

Etter middag på Knutholmen lørdag var det ny runde med fotoshoot og morro ute, og dei fleste holdt på til sola gjekk ned. 

Dei som vart med til Vetvika søndagen trur eg neppe angra, for denne turen er vel verdt dei 2 timane det tek å komme til utsiktspunktet. FOR eit syn som møtte oss!!


Tusen takk til alle dei flotte folka som kom og gjorde denne helga til ei oppleving vi aldri gløymer! Chattegruppa vi har på Instagram koker, vi deler bilder, historier, tips og triks. Vi inviterer kvarandre hit og dit, og at det kjem mange gode samarbeid ut av denne helga er eg heilt sikker på. 

Og det beste av alt Kalvåg, Knutholmen og Bremanger er sett på kartet med ei SVÆR nål ein gong for alle, det er det ingen tvil om :) 

Vi sjåast, flokken! <3