Bakar-Jon

21.04.2021

Det er noko med lukta av nystekt bakverk, det tek meg rett attende til læretida som konditor. Når eg lukker auga og let kanelbollar, havrebrød og tebriks fylle nasa, kan eg kjenne kjølig morgonluft mot huda og høyre fuglane kvitre muntert. Inntrykka eg tok inn på veg til jobb kl 0430, sommaren eg arbeidde på Lie Nilsen i Bergen, har tatovert seg fast i cellene i kroppen. Det kjennes godt å setje føtene innom Bakar-Jon på Byrkjelo. Her er lukta, lydane, stemninga, kjenslene og dei gode, gode smakane!

Eg finn ei handlekorg og tek likesågodt heile runda i butikken til Bakar-Jon. Det er mykje spennande å finne i hyllene, alt frå ramsløksalt til gul bringebærsylte, geitost frå Kandal og cider frå Lærdal. Bakar-Jon har spesialisert seg på lokalmat, og er etter det eg har hørt Noregs største lokalmatbutikk. Og det syns eg er fint. Det er noko kjærlegsfullt med å vite at bæra frå syltetøyet kjem frå busker langs fjordane eg elsker så høgt. Plukka, safta og sylta av lokale bønder med eit stort ønske om å skape fine smaksopplevingar for andre. Dette handler om stolthet for historie, identitet og ikkje minst kulturarv!

"Maten smaker mykje betre ute mamma kvifor det?", spør dotter mi. Ho er 13 år.

 "Det er fordi du bruker fleire av sansane dine når du er ute" svarer eg. 

"Du kjenner brisen frå vinden, varmen frå sola, du kjenner teksturane når du tar på maten fordi du er meir merksam. Du lukter på den, studerer den, smaker og tek deg betre tid. Du NYT den rett og slett, det er difor det smakar så godt".

Og så god lokalmat som dei har på Bakar-Jon bør nytast med verdighet, og ikkje slukast framfor ein halvbra TV-serie. Kjøp med deg eit koldtbord og nyt måltidet utandørs, der det virkelig kjem til sin rett!