Birdbox!

03.11.2020

Eg har hørt om tretopphytter, glamping, domer, ishotell og glashytter. Men ein Birdbox var nytt for meg! Ideèn og designet bak Birdbox var det 3 sunnfjordingar som stod bak, og 2 år seinare, i 2020, fanst det 3 hytter av dette slaget som ein kunne leie. Men etterspurnaden er enorm, særleg i utlandet, og gründerne jobbar no med å handtere pågangen frå interessentar.  

Eg tok turen til Birdbox Langeland for å sjekke ut korleis det er å bu i ein Birdbox, og eg vart langt frå skuffa. Bildene eg har sett av denne lyg ikkje, hytta er plassert i vill natur, utan verken bilveg eller sti. Dei fleste gjestane blir guida dei 20 minuttane det tek å gå fram til hytta, av eigar Siv Gråberg. Ho fortel at på denne tomta stod det ei falleferdig hytte som dei bestemte seg for å rive. Då dei såg oppslaget om dei 3 sunnfjordgutane med den tøffe gründeridéen bestemte dei seg for å gå for denne. Og det angrar ho ikkje på.

- Heile poenget med denne Birdboxen er at folk skal få ein pause frå kvardagsstresset, der vi er pålogga heile tida. Her oppe er det ikkje noko du MÅ gjere. Anna enn å nyte da, smiler Siv. Ho set seg ned i ein av dei to lenestolane i hytta, falder hendene og let blikket gli over tretoppane. Ansiktet hennar får eit anna drag, det er som om synet av naturen får ho til å gløyme at ho blir filma med kameraet som blinkar framfor ho. 

Eg er her for å lage ein give-away for Opplev Norge, og lytter interessert til alt ho har å fortelje om korleis det er å leige den ut på Airbnb.

- Det har vore heilt fullt i heile sommar, men akkurat no har vi litt kapasitet. Vi ønsker at gjestane våre skal oppleve noko ekstraordinært når dei besøker oss. Vi har til dømes eit kjøleskap med brus, vin, øl, vatn, juice, sjokolade, chips og nøtter som er inkludert i opphaldet. Gjestane kan også sjekke inn og ut når dei sjølve ønsker det, etter avtale med oss. Vi leiger nemleg ikkje hytta ut kvar dag, men annankvar, slik at vi kan vere fleksible. Og om folk ønsker å få mat levert på døra, tilbyr vi både  tapas, sushi og frukostkorg. 

Opphaldet kostar 2700 kroner, og er etter mi meining verdt kvar ei krone. Å bu her er ei spesiell oppleving som ikkje kan samanliknast med noko anna. Det er ikkje andre hytter å sjå i nærheten, og Siv fortel at  heller ikkje er planar om at dette skal bli eit hyttefelt. 

-Nei, dette skal vere unikt. Ei oppleving som skil seg frå dei andre. 

-Her kan du til og med nyte naturen uforstyrra medan du sit på do! Dei sota glasrutene sørger for utsyn, men minimalt med innsyn. 

Opphaldet mitt i Birdboxen baud på regn, vind og sludd, men eg kosa meg glugg med lyden av dropar som traff taket på boxen, medan eg sat varm og god under dyna og naut morgonkaffien. Eg hadde ikkje lyst å dra i frå den, og drøyde med å reise heilt til klokka 1400. Det vart eit uforgløymelig døgn i fuglekassa. 

Ønsker du å booke Birdboxen, finn du den på Airbnb . Den ligg ved Langeland Skisenter utanfor Førde i Sunnfjord. Ikoniske Storehesten ser ein rett ut det runde vindauge, og ellers er hytta omringa med skog og vakker fjellutsikt. Her kan du lese meir og sjå fleire bilder. 

PS: I samarbeid med Renault og Opplev Norge skal vi dele ut eit opphald i Birdboxen. Konkurransen blir lagt ut i løpet av november, så gå inn og følg Opplev Norge 2020 på Facebook eller Instagram! Der vil du også finne masse gode tips til turer og andre overnattingsplasser, samt kunne vinne masse flotte premier!