Den gløymde Soga prinsessene som ikkje let seg herske over. 

Ein kvar som la augene på dei tre irske prinsessene Ingeborg, Borni og Sunniva tenkte at desse var tre yndige blomar, skjøre som linn. Systrene var uvanleg vakre, så friarar frå alle landets krikar og krokar kom for å freiste lukka. Frå jentene var små hadde mor deira sagt at ingen mann skulle bestemme over dei, eller ta dei som sitt trofè. Til no var det ingen som hadde hatt evner til verken å trollbinde eller målbinde prinsessene. Dei vart sende heim den eine etter den andre, slukøyra og med knuste hjarte. Det vart sagt at berre den som var rein i tanke, og varm i hjarte, ville kunne vinne handa til prinsessene.

For å beskytte jentene sine hadde Dronninga trena dei til å sloss som kvepsar og ikkje la nokon tvinge seg på dei.

-Å vere liten av vekst er ein fordel om du berre er kjapp, hadde ho sagt og fekta om kapp med jentene. -Sjå på røyskatten, og lær av han. Den som aldri står still, og er snøgg i snuen er ikkje lett å verken fange eller skade.

Mange var dei som flirte litt av søstrene, som fekta så mildt og glei rundt som til usynleg musikk.

Gjetorda om prinsessene som ingen kunne vinne, sigla med kalde havstraumar og flaut som sommarfuglar i brisen til land i kvar ein utkant i verda, til det ikkje var ein mann som ikkje hadde høyrt om dei tre prinsessene, yndige som roseknoppar. Ryktet ville ha det til at å sjå prinsessene kunne få ein vaksen mann til å falle på kne og grine. Lengten etter dei brann med kalde flammar i hjartet på kvar og ein som hadde prøvd å vinne deira gunst, og som no visste han aldri kunne få. 

Då systrene vart eldre, gav Dronninga dei ei gåve: Kvar sitt sverd, vakre og slanke, men kvassare enn noko anna sverd smidd i Irland. Dei var smidd av ein trollmann, som segnet seier har gått i lære hos Merlin sjølv.

Om sverda ho gav bort fortale ho:

-Desse våpna er smidd i elden frå den siste raude draken, i ei skjult grotte berre trollmannen kjenner til. Kvart sverd er smidd med mektig trolldom, og har eit hjarte beståande av ein drope drakeblod i kvar. Den dropen er tørst, og krev rikeleg blod i løn. Berre èitt sverd kan måle seg med dette, sjølve Excalibur. Trekk aldri våpenet utan å betale den løna, og trekk dei aldri mot ein ven, for då blir prisen høg. Sver på det!!

Ein bekmørk haustkveld i oktober kom det skrallande skrik frå landsbyen. Prinsesse Ingeborg sprang til slottsvindauget og vart forferda av synet som møtte henne. Barbariske vikingar angreip landsbyen og sette fyr på hus, plyndra og sloss. Kongen befalte systrene om å flykte, medan han og krigarane gjorde seg klare til å forsvare folket sitt. Ingeborg tok med seg systrene til båten dei sjølve hadde spikka, høvla og smidd ut av ei sju hundre år gammal eik. Eika bar blad av gull heile året, og såret som stod att i stammen når båten var høvla ut, grodde og etterlet seg berre eit smalt blodraudt arr. Båten skulle vere ei gåve til Kongen til hans 70 årsdag, men lagnaden ville det annleis. Med berre sverda sine la dei til havs, vekk frå alt kjent og kjært. Dei la lagnaden sin i hendene til havet og vinden. 

Prinsessene dreiv i dagar og netter på storhavet utan å bli råka av verken svolt eller tørst. Vinden førte dei mildt av stad sjølv om dei mangla både årer og segl, og kvar dag fall eit mjuk regn over systrene for å lindre tørsten. Det var som om både himmel og vind forbarma seg over dei tre, og skjenka dei sine milde gåver. Når svolten kom gjekk det som ein krusing over havflata, og fisken kom og la seg i nevane deira. Båten blenkte i gull, trakk sola til seg og stråla varme ut til dei tre systrene så dei ikkje skulle fryse. Sjølv havet ville dei ikkje noko vondt, det var som om sjølve Moder Jord la seg rundt som eit vernande skjold mot verdas vondskap.

Den sjette dagen på havet fekk Sunniva fekk eit kall. Ei kvit due kom og slapp to kvistar ned i båten. Pinnane la seg som eit kors i fanget hennar, og ho visste med eitt at ho skulle gå i land og byggje eit kloster på den første staden dei kom til. Heilt sidan dei var små hadde systrene hatt eit spesielt band og vilje seig som vidjekvistar, like ubøyelege som den grøne øya dei kom frå. Dei skulle alltid halde saman hadde dei sagt, men no måtte dei dele seg, i fall vikingane kom etter. 

Etter sju dagar såg dei omsider land, letta over å sleppe unna både drukningsdøden og det som verre var: heidenske giftarmål. Dei klemte og ønska kvarandre god bør før Sunniva gjekk i land i på øya Selja.
Borni og Ingeborg sette seg i båten att og let den føre seg sørover til øya Kinn.

Det gjekk eit gjesp gjennom øya i det sola passerte Kinnaklova og prinsessene nærma seg land. Båten gløda i gull og bøndene, som stod krokrygga og grov i den våte jorda, vart som forsteina når dei såg to raude lys gli vektlause over marka til himmelsk song frå dei evige sfærene. Like etter dukka det opp svarte skip i horisonten, og bøndene heiv frå seg spett og spadar og flykta. Vikingane var like bak, hemnlystne etter å ha tapt kampen mot Kongen og hans riddarar i Irland. Dei ville røve med seg prinsessene og avle barn på dei, og venta lett bytte i dei to vevre prinsessene. Dei rusla sjølvsikkert i land og trakk våpen med latter og smil. 

Sverda glima i den kvasse sola, som skaut som piler frå Gud fader sjølv, men auga til Ingeborg og Borni glimta kvassare. Aldri verken før eller seinare har Kinn høyrt slik ein klang, som sverda song den gang. Det var tonar som brakte sorg over dei som måtte høyre dei.
Systrene gjekk på så hardt at sjølv herda vikingar, vande med hjelpelause munkar og jomfruer, til slutt måtte gje tapt.
Gud og lukka var på prinsessene si side og vikingane trekte seg attende med blødande sår.

Soga seier at Ingeborg reiste frå Kinn etter slaget med vikingane. Ho skal ha teke båten til Utvær i Solund og bygd ei steinkyrkje der. Prinsessene gifta seg aldri, og fekk heller ingen born. Dei valde å leve for å beskytte øya dei hadde busett seg på, og folket der. Kyrkjene og sverda beskytta systrene, og vikingane kom aldri att. Men etter som tida gjekk, sank kunnskapen om dei tre prinsessene lenger og lenger ned i djupet, til dei vart berre kviskrande myter. Til også dei gjekk tapt. 

Men når sola raudnande passerer Kinnaklova på veg i havet, blenkjer det i passet som av gylne sverdslag. Og i blant kan du, om du er på rett stad, skimte tre raude prinsesser som spring, lette som slag frå ei Kolibri-venge, gjennom klova. Om vinden går rett veg kan du høyre trillande latter og englesong, frå tre systre som aldri let seg kue eller tvinge av nokon mann. 

Takk til Roy Sunde for hjelp til tekst, til Heidi Støfring for hjelp både bak kamera og som modell, og ikkje minst til Lisa Giil som eminent fotograf!