Eikum Hotell

25.04.2021

"Hotelldrift og himmelpudding" er tittelen på boka som ligg framfor meg. - Vi har hatt hundre år med opne dører, seier Ståle Kjos-Wenjum, 4. generasjons drivar på det tradisjonsrike hotellet Eikum Hotell i Hafslo. Han tek ein slurk av kaffien og ser ut vindauge.  - Vi har husa store selskap med konfirmasjonar, bryllaup, barnedåper, konferanser og kurs. Utlendingane har kome i bussar, overnatta, ete, opplevd og reist att, og det har vi levd godt med. Pandemien stoppa alt. 

Eg kan merke bekymringa i stemma hans. Utlendingane har uteblitt. Kurs og konferansar har uteblitt. Alle selskap har vorte kansellerte både i fjor, og mest truleg i år. 

- Men de har jo ei heilt fantastisk historie, og hotellet er jo reine tidsmaskina, seier eg oppriktig interessert. Dette er jo noko nordmenn som skal på sommarferie må få vite om!

Vi vandrer rundt i bygget, som vart gjenreist etter at det brann ned til grunnen i 1956. Det er som å være i ei anna tid. Ei tid utan wifi, apper og instagramkonstruerte interiørinnstallasjoner.

-Romma våre er enkle, men sengene er gode og det er stilt og fredelig utanfor, seier Ståle.

- Eg syntes dei er nydelige, svarer eg, dei er utan overflødig jåleri. De har virkelig ivareteke tradisjonane, det autentiske interiøret og historiene, og ikkje latt det bli forurensa av vekebladinteriør, Ikea og andre upersonlege freistingar. 

Rundt på hotellet finn vi den eine rariteten etter den andre, og historiene er mange. På 1960- og 1970-tallet var skirennet til Hafslovatnet rundt så stor at det trekte til seg store namn som Harald Rønningen, Erling Steineide og Oddvar Brå. Dei budde alle på hotellet og deltok i rennet. Det var alltid stor stemning i spisesal og stove etter slike arrangement. 

Seinare, då Sogndal Fotball var eitt av dei beste fotballaga i Noreg, ville alle motstanderane finne vegen til Sogn i løpet av sesongen, og dei kom gjerne eit par dagar før. Mange av desse la seg inn på Eikum Hotell og nytta seg av Sogndal Fotball sitt treningsanlegg i Moane. Dette var klubbar som mao Molde, Viking, Bryne, Strømsgodset, Lyn, Lillestrøm og Brann. Det var ofte små autografjegarar å finne i resepsjonen på denne tida! 

Eg kjenner virkelig historiene på kroppen når eg går rundt i dei ulike stovene. Eg ser dei for meg, alle festane som har vore her. Den gode stemninga, latteren, maten, dei fine samtalene. Det er som om tinga som står att har sugd til seg den fine energien og liksom gløder. Du finn ikkje dette på nye hotell, det er noko med ting som har stått der i tiår etter tiår. Hotell som dette har røter.

100 år med opne dører, hundrevis av historier, tallause utfordringar som er løyst langs vegen, og eit evig ønske om å gjere gjestane fornøyde. Eikum Hotell er full av integritet, personlighet og varme. Eg anbefaler virklelig å ta turen dit! Eg skal i allefall attende i slutten av mai når bjørka er på sitt grønnaste og fjorden ligg blank og stor. Då skal eg ta meg ein tur på fjellet Molden, og jakte fleire historier som skjuler seg i skattane på Eikum Hotell.