Eventyr i Nordfjord

Det er rart korleis ting baller på seg, enten den eine eller den andre vegen. Utgangspunktet for dette prosjektet var faktisk eit heilt anna prosjekt: - vi var i Kalvåg og laga ein promofilm for Dosabu og Knutholmen, og kjende oss fulle av energi og kreativitet. Vi tok difor ein kosetur til Vetvika, fordi eg såg for meg kor vakkert det ville bli med den raude kjolen. Vi har tidlegare snakka om at vi må filme meir av arbeidet vårt, så denne gangen fokuserte vi på det. Ideen om å bruke kjolen som ein raud tråd gjennom heile Nordfjord kom relativt kjapt, så i staden for å reise heim frå Kalvåg, tok vi ferja over til Måløy for å filme Kannesteinen og Kråkenes Fyr, vidare til Stadt, så ein avstikkar til Hornindal før vi reiste til Olden, Loen og sist Eggenipa/Breim. 

Bileta vi skapte er vår hyllest til Noregs vakreste fjord, Nordfjord <3

Dei tek seg godt ut på lerret, bruk kontaktskjema nederst på sida om du ønsker å kjøpe.


Prisar:
80x120 = 5500 kr
60x90 = 4000 kr
40x60 = 2000 kr
Porto kr 149