Frå varm til kald!

16.05.2020

Det er rart kor opptekne vi menneske er av håret vårt, og dette merka vi kanskje ekstra godt då alle frisørane stengde dørene i mars. Aldri har det vore så mange bad-hairdays i sosiale media som i april... Eg var ikkje sein å bestille time når sjansen baud seg att, og fekk komme til hos lærling Sandra hos Nikita Førde. 

Eg har vore hos dei fleste av dei 7 frisørane som jobbar hos Nikita, og alltid blitt fornøyd med resultatet. Dei er ikkje redde for å foreslå endringar og argumenterer for kvifor eg bør gå for forslaget deira. 

"Eg har lagt merke til at du er glad i å gå i raudt, så eg tenker ein kald tone vil kle deg godt i sommar" smilte Sandra medan ho gredde gjennom håret mitt. "Viss vi striper det først og blander desse tre fargane til ein glossing som vi legg oppå vil du få eit heilt anna utsjånad på håret enn du har no, kva tenker du?"

Jotakk, eg har lyst på ei forandring, så køyr på!

Foliestriper vil gje best resultat kontra hettestriper, særleg når håret er så tjukt som mitt. I blandinga bruker frisøren Wellaplex som gjer at bleikinga blir meir skånsom for håret. Det blir også lagt på ein kur etter at bleikinga er vaska ut, før glossinga heilt til slutt.

Eg duppa av fleire gonger medan eg låg med dette i vasken. Det hadde ikkje forundra meg om folk går til frisør kun for å vaske håret og få hovudbotnsmassasje, for kjære vene - det var sjukt deilig!!

Eg er kjempefornøyd med ein kaldare tone på håret, noko som kanskje passar godt med tanke på vèret også. At vi skulle få snø midt i mai var det vel ingen som hadde venta seg - og i allefall ikkje eg. 

Tips: For å bevare den kalde tonen over tid er det lurt å bruke lillasjampo annakvar gong du vasker håret. Eg bruker produkt frå Eleni&Chris som selgast på Nikita, desse lukter fantastisk og passer godt til nordisk hår som mitt.

Ut mai er det 3 for 2 på alle produkt på Nikita, så det kan vere lurt å handle før mai er omme!

Vil du bestille time hos Nikita, kan du gjere det online her :)

Treng du inspirasjon, sjekk ut Nikitaforde på Instagram, der ligg det masse fine bilder av arbeidet deira!

Sandra sin instagram finn du her! Og som de ser av bildene under er ho dedikert til arbeidet sitt, og tryller fram dei finaste fargane...