Tur i Astrups Rike 27-29 sept 

Det er ikkje rart Nikolai Astrup elska heimstaden sin og festa den til mang eit vakkert maleri. Fjella, breane, skogen, vatnet og den ville naturen tek pusten frå dei fleste som besøker dette område, og siste helga i september kan også DU få oppleve denne magien, når haustfargane er på sitt aller finaste.

Pris : 2990

Fredag: 

1800. ankomst og innlosjering i deluxehytter, presentasjon av crew, informasjon om helga,

2000: aktivitet på Jølstraholmen: yogatime inni selskapslokalet (?)

2200: kveldsmat og god natt

Lørdag: 

0730: frukost og nistesmørring

0830: avreise

0930: Lundeskaret, Jostedalen nasjonalpark.

2000: middag med noko godt i glasset, bålkos og mingling

Søndag: 

0730: frukost og nistesmørring

0830: avreise

0900: Grovanipa / padling i kajakk på Jølstravatnet (50 kr per time)

1600: vel heim <3

Inkludert: innlosjering i DeLuxe hytter, mat, sengeklede, håndkle, guiding og aktivitet.

Påmelding: post@jolstraholmen.no

"Lundeskaret er truleg det næraste du kjem ein ekte fjellklassikar i Jølster. Stien nyttast blant anna som start for DNT sin årlege bretur mellom Lunde og Fjærland. Allereie tidleg på 1900- talet tilrettela DNT betre sti opp det tronge og naturville skaret inst inne i Kjøsnesfjorden. I dag framstår stien som svært godt tilrettelagt med trapper på einskilde stader, og wire å halde seg i på dei brattaste partia. Nepalske sherpaer har vore brukt som stiryddarar, og gjort eit godt arbeid for at stadig nye skal kunne oppsøke denne perla av ein vestlandstur"

Kilde: Ut.no, Anne Cecilie Kapstad

"Eg vågar å påstå at Grovanipa er eit av dei mest fotograferte fjella i Jølster. Mang ein turist og jølstring har stått på Kjøsnesfjordbrua og retta linsa innover fjorden, der Grovanipa er den mest markante av toppane. Grovanipa er også eit godt dokumentert fjell av Nikolai Astrup, som måla mange motiv frå Sunde. Grovanipa er definitivt verdt eit besøk av deg som likar å gå i motbakkar. Frå vatnet og til toppen får du ein motbakke med ca 30-35 gradar helling i nesten 1000 høgdemeter! Utsikta du får i premie etter bakkane er upåklageleg."

Kilde: Ut.no, Anne Cecilie Kapstad