Hornelen og Knutholmen 20.-22. sept 2019

Foto: Jostein Vedvik
Foto: Jostein Vedvik

Har du lyst å vere med meg til ein av dei finaste fjelltoppane eg veit om? Bra! Då må du setje av helga 20-22 september!

Hornelen er den høgaste sjøklippa i Europa og vil gje deg ei oppleving for livet. Du får panoramautsikt over tronge fjordar, høge fjell, hav og småøyer og bygder. Om du tør kan du legge deg på kanten og sjå 860 meter rett ned på sjøen og båtane som fèr forbi. 

Den mest kjende segna om Hornelen fortel om kong Olav Trygvasson som klatra opp i fjellveggen og festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene freista å klive opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast og kom seg ikkje ned. Då skulle Olav Trygvasson ha klive opp, teke mannen under eine armen og berga han trygt ned.

Turen går på tilrettelagt sti og i noko steinur. Vi tek gode pausar undervegs. Det er mykje flott natur å sjå på vegen opp, så vi har det ikkje travelt. Kanskje nokon har lyst å ha med seg ein kjole i sekken og ta spesielle og spektakulære bilete? Eg hjelper gjerne til med tips og triks for å få fine bilete!

Foto: Jostein Vedvik
Foto: Jostein Vedvik

PROGRAM

FREDAG:

1800: Ankomst Knutholmen i Kalvåg - innlosjering på hotellet

1900: Velkommen, foredrag "God Nok".

2000: 3-retters middag, informasjon om morgondagens tur.

LAURDAG:

0700: Frukostbuffet, smørjing av niste, avreise ca kl 0745

0830: Hornelen

1900: Foredrag "Det er DIN tur"

2000: Havets festbord - koldtbord med havets delikatesser

SØNDAG:

0830: Yin Yoga - ein deilig start på dagen med roleg strekking av muskler og fokus på pust.

0930: Frukost

1100: Utsjekk og tur til Grotlesanden, SUP, bading og vel heim når ein sjølv ønsker det


Pris alt inkludert: 3990

Påmelding til post@knutholmen.no