JENTEHELG! Toppturpakke med teknikktrening, 7-9 februar

26.11.2019

Pris: 4500 kr inkl overnatting, alle måltid, innstruktør, guide, heiskort, demo av utstyr mm
Begrensa antal plassar!



Kjenner du på at det kriblar i tursjela, men at du kanskje ikkje føler deg heilt sikker på dine eigne ferdighetar til å ferdast både opp og ned i fjellet? Då er dette helgen for deg!
Kari og Ingeborg arrangerer saman med Jølstraholmen, ei toppturhelg i Jølster. Toppturpakken passar for deg som har erfaring med skikøyring, men ønsker å bli flinkare til å stå på ski nedover, bli meir effektiv oppover og lære meir om ferdsel i vinterfjellet. Fokus vil være på skiteknikk, bruk av toppturutstyr, turplanlegging, bruk av skredsøkar og litt skredkunnskap.
Dette blir ei rein jentehelg, med mykje hygge, samhold og ski!
Kurset retter seg mot jenter/kvinner som har litt erfaring med topptur, men som kunne tenkt seg litt bedre oppleving og teknikk på turen ned frå fjellet, eller dei som har stått ein del på alpin men ikkje har så mykje erfaring med toppturar.


PROGRAM
Fredag:
kl 1500-1900 Innlosjering i Deluxehytter: inkl sengetøy og håndduk (4 stk i kvar hytte, send mail om de er fleire i lag som vil dele hytte)
kl 1900 Oppmøte i løa, inntroduksjon av guider, opplegg for helga og deltakarane.
kl 2000 Kvelds, bålbrenning, gjennomgang utstyr/skredsøkar, demo og testing.
kl 2230 God natt


Laurdag:
kl 0800 Frukost
kl 0945 Avreise til Jølster skisenter, teknikktrening i bakken og området rundt, med Kari Hole.
kl 1230 Felles lunsj i bakken.
kl 1300 Fortsetter med teknikktrenging.
kl 1630 Skibakken stenger
kl 1900 Felles middag i løa på Jølstrahomen. Quiz med premier, skifilmvisning frå Jølster og hygge.

Søndag:
kl 0800 Frukost. Dette er siste dagen, så da er det viktig å pakke sammen alle tingene.
kl 0945 Avreise, topptur i Jølster. Kvar turen går, blir bestemt dagen i forveien avhengig av vær, føre og forhold. Denne dagen vil en lære meir om ferdsel i fjellet, og ta trygge val basert på kunnskap. Etter endt økt denne dagen er det muligheter for å dusje og skifte på Jølstraholmen før heimreise.
kl 1600 HeimreiseGenerell infomasjon


Prisen inkluderar 2 overnattingar med oppredde senger og handkle i delux hytter på Jølstraholmen, 4 i kvar hytte.
Alle måltid, frukost, lunsj og middag
Eigen instruktør på teknikktrening lørdagen
Heiskort i Jølster skisenter
Guidar på toppturen på søndagen
informasjon og instruksjon om bruk av skredsøkar og utstyr
skifilmvisning frå Jølster på lørdags kveld
Gode pakketilbud frå Din Sport på utstyr

Pakkeliste:
Utstyr
Randonee utstyr (ski, sko, feller, stavar).
Hjelm og briller
Dersom du har skredutstyr, ta med dette. (Skredsøker, spade og søkestang).
Det vil være mulighet for å leige noko utstyr men då må vi ha beskjed om dette ved påmelding.
Sekk som passer til ein dagstur i fjellet, drikkeflaske, termos, sitteunderlag.
Ullundertøy x 3, lue, vottar/hanskar, hals, ullsokkar som er ok i skisko, alpintsokker
Vindtett jakke, skibukse, varm dunjakke

PÅMELDING SKJER HER


Pris: 4500,-
Forkunnskaper: Kurset passar spesielt for dei som har stått litt på ski tidlegare, men som ønsker å bedre svingteknikk i brattare terreng, og for dei som ønsker å bedre ferdighet og kunnskap for å kunne gå trygge og kjekke turar i vinterfjellet.

For meir informasjon eller andre spørsmål ta kontakt med kristine@jolstraholmen.no eller på telefon: 95297879