Kunstpause

Lisa Aisato
Lisa Aisato

Ofte tenker eg på korleis verda hadde sett ut utan kunst. Musikere, dansere, forfattere, illustratører, skuespillere, poeter, akrobater, designere, handverkere, fotografar. Nokre av dei fortel historier utan å bruke ord, andre kan ta oss gjennom ein draum ved kùn bruk av bokstavar. Musikk kan treffe punkt i deg som ligg under så mange lag med sperrer at du ikkje klarer å setje ord på det, fordi du har fortrengt dei. Trudde du. Men i løpet av 3,5 minutt sit du der og grin og anar ikkje kva som traff deg.

Komikere som Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne får deg til å le av dine eigne fordommar, og på ein snedig måte påverke deg til å reflektere over svakheitene dine meir enn nokon politikar har klart.

Poetar skildrar natur og menneske og kjærleik og sorg og finn orda som vi alle har mista på vegen til å berre komme oss frå jobb til barnehagen til butikken til å lage middag på 10 minutt til køyring til turn som du som vanlig er for seint ute til fordi du må rundt halve nabolaget og hente andre sine ungar til butikken fordi du gløymte å kjøpe brød til henting på turn til vaskerommet der gårsdagens klesvask framleis ligg våt i maskina til lekser og kveldsmat og opptørk av knuste glas og kneippskiver med bringebærsyltetøy på golvet og barn som ikkje vil dusje eller legge seg og er redde for troll under senga og du sovner med dei og vaknar att etter ein time og sofa og makrell i tomat rett frå boksen til nyheitene som ikkje er nyheiter i det heile tatt men ei oppsmummering av dagens faenskap og plutseleg er klokka midnatt og kor vart kvelden av og kven pokker har tid og energi å skrive POESI om dette??!!

Trygve Skaug
Trygve Skaug

Og fotografer som viser fram instagramperfekte naturbilder, eit barn som svelt i hel i afrika eller ei dame som minst truleg har gått på fjellet i kjole, men likevel står ho der og ser lukkeleg malplassert ut, og det provoserer eller inspirerer deg -eller kven bryr seg eigentleg?!

Vit at når du støttar menneske som dette, enten ved å høyre på podkast, like og kommentere på Instagram, kjøpe eit bilde eller ei bok, gå på forestilling, utstilling eller konsert, eller kjøpe eit smykke av ein lokal smykkedesignar så er det akkurat det du gjer: du STØTTAR kunsten vi alle treng i livet. Du kjøper ikkje ein fysisk daud ting, du kjøper noko som er dynamisk, levande og som er både pust, puls, kjærleik, sorg, svette, våkenetter, bekymring, lidenskap, perfeksjon, erfaring, venskap, refleksjon, hjarte og sjel i.

Hege Holen Paulsrud
Hege Holen Paulsrud

Finn kunstnere som både inspirerer og utfordrar deg, som strekk sinnet ditt, som let hjarte ditt blø eller juble, som opnar opp alt som du sjølv ikkje har tid å opne og som senker skuldrane og får deg til å flyte og fly, enn berre for dei 15 minuttane du klarer å røve til deg innelåst på do i løpet av dagen. Finn dei, og ros dei med ein tommel opp, eit hjarte, ein fin kommentar, ein stream, eller eit kjøp av noko fint du kan ha på veggen. Kanskje er det nok til å halde dei gåande, eller kanskje bryr dei seg ikkje i det heile tatt. Men det kostar i alle fall ikkje deg noko særleg i forhold til kva du får att.

For la oss vedkjenne det først som sist: utan kunst mister vi oss sjølve fullstending.

Lisa Aisato
Lisa Aisato