Miniferie på Hjelle

03.07.2022

Det har kokt i alle ender dei siste månadane, og eg har ikkje hatt ein einaste dag fri. Sist veke skulle eg ha heimekontor, men enda opp med å vere sengeliggande med feber og hoste. Eg elsker jobben min, men eg treng også å koble av og logge ut. Eg såg inderlig fram til ei helg med familien hos Vollsnes Feriehus på Hjelle, og vèrgudane var heldigvis med oss!

Eldstejenta har fått sommarjobb og var heime aleine denne helga. Ho kjem seg fram med moped, og ringte sjølv besteforeldrene for å invitere seg sjølv på middag laurdagskvelden, så ho var i gode hender. Vi fekk låne med oss kusina til yngstedotra, og det var kjekt å sjå dei fine stundene jentene fekk saman, 

Vollsnes Feriehus ligg ved enden av Oppstrynsvatnet på Hjelle i retning Strynefjellet. Den vesle bygda er berømt for det grøne vatnet omkransa av blomster, og med trebåtane som ligg dupper i sola. Feriehuset vi fekk låne heiter "Valula" og har eiga brygge, strandlinje og terrasse. Eg har aldri overnatta nokon stad der dette er inkludert, så det var virkelig ein draum som gjekk i oppfylling! SOM eg naut å vere der!!

Laurdag gjekk vi ein rundtur til Segestad - eller Sigdestad, som det i følge lokalbefolkninga egentlig heiter. Stien begynner like ved parkeringsplassen og tek deg i middels bratt stigning opp igjennom frodig landskap. Vi måtte stoppe fleire gonger og berre ta inn synsinntrykka. Det var som ein tropisk jungel, og sansane fryda seg! Eg kan varmt anbefale denne turen, som vi brukte ca 4 timer på - inkludert stopp. 

Segestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn, ja langt utover kommunegrensene. Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida ved Oppstrynsvatnet. Denne garden er ein gamal kulturskatt som er verdt å ta vare på. Han er eit prov på slit og strev, og at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader.

Vel attende på Vollsnes vart det eit bad i det iskalde vatnet, og ein biltur på Gamle Strynefjellsvegen til Stryn Sommarskisenter. "Vi er heldige her på Hjelle, for her kan vi drive med isbading heile året" var det ei som sa til meg. Vatnet heldt 5 grader, takka vere enorm snøsmelting i fjella no, men temperaturen vil nok stige utover sommaren. 

Det er nesten gale å skrive det, men det var sjukt deilig å komme seg opp på fjellet som heldt 13 grader, kontra 29 på Hjelle. Eg fungerer betre i "klarevèr" enn i varme. Fotolyset er også upåklagelig med refleksjonane frå snøen, så det blei nokre runder med både bilfoto, drone og bilder av jentene,

Søndag spiste vi sein frukost på terrassen før vi rusla til sentrum av Hjelle for å besøke Gamlebutikken og kose oss med After Noon Tea. Vi glømte at dette innebar å ete ganske mykje mat, og burde ha droppa frukosten vi trykte innpå berre ein time tidlegare, for dette smakte himmelsk! Vi fekk velge eit smørbrød kvar, ei kake, ein scones samt kaffi, te eller iste. Anna Hjelle, som driv kafeen fortalte oss at ho har servert After Noon Tean sidan 2006, det er det ikkje mange som kan skilte med!

Vi reiste heim med fulle hjarte, men dog med eit stikk av sorg og sinne. Det var denne helga det skulle vere Pride-parade i Oslo, noko som vart avlyst fordi to menneske blei skoten og drepne på ein utestad for skeive i Oslo. Slike hendelser set livet i perspektiv, og gjev meg enda større grunn til å virkelig ta inn og nyte det gode og det fine i livet. Vi treng all den kjærleiken vi kan få! Eg henter min i store mengder på stader som Hjelle og Vollsnes feriehus, og tenker å prioritere slike turer enda meir...

Tusen takk for oss!

PS: Sjekk ut Vollsnes Feriehus HER. Dei tilbyr ulike alternativer for overnatting, blant anna to domer på stranda! Desse skal eg teste seinare i sommer og GLER meg!