Rockesokk

21.03.2021

Vi menneske er meir like enn ulike, og det som er ulikt med oss er noko vi bør omfavne og feire framfor å mislike det. 

Dei som har Downs syndrom har heile 3 eksemplar av kromosom nr 21, og difor feirer vi verdsdagen for Downs syndrom nettopp denne datoen, 21.03. 

Vi markerte dagen med boller og brus i verdas vakreste kulisser, Jølster!

Linnea er kusina til barna mine, og har alltid vore eit positivt tilskudd i familien vår. Ho er blid, kjærlig, rampete, smart og innimellom sta, akkurat som andre barn og ungdomer er!

Det kjekkaste Linnea veit er å reise på motorsykkeltur med pappaen sin. Ho er ikkje redd når ho sit på, for ho er tøff, seier ho. Det einaste Linnea er redd for er at ho skal sovne, for det er farleg, og då kan ho falle av. Ellers er det gøy å stå på slalom og lage mat. Pizza og brownies er favorittane.

Å feire mangfald er viktig, fordi vi som menneske er avhengige av å føle at vi høyrer til noko større enn oss sjølve. Samfunnet vårt treng alle slags variantar for å bli sterkast mulig, og du kan bidra ved å tilsetje ein person med Downs i di bedrift. Ringverknadane av dette kan bli mykje større og mykje finare enn du trur. Sjå berre den vakre filmen med sjølvaste Sting, i lenken under.

www.nnds.no (Norsk nettverk for Downs syndrome) kan du lese fine artikler, sjå inspirerande filmer og auke kunnskapen din om kva Downs syndrome egentlig er. Frykt bunner ofte i lite kunnskap, nesten uansett kva tema er, så akkurat denne dagen - verdsdagen for Downs syndrome - burde alle lese ein artikkel eller to om nettopp dette. 

Kvifor Rockesokk?

"Om du ser på kromosoma våre i eit mikroskop ser dei til forveksling ut som ei middels rotete sokke-skuffe. Med dei første kromosoma som henslengte, lange skistrømper, og de siste små som søte baby-sokker." (nnds.no)

Vi går ofte med ulike sokker, og i allefall denne dagen, for vi er kjempeglade for å ha ei sprudlande og fin jente som Linnea i familien vår! Ho tilfører oss masse glede og kjærleik!