Surfing i Hoddevik

04.04.2021

Eg er oppvokst ved kysten, og elsker havet. Det er noko med å sjå himmel møte hav som er så tilfredstillande at eg ikkje kan skildre det med ord. Havet rommer ei anna verd. Det gjer himmelen også. Eg blir roleg innvending av å sjå horisonten langt der ute, utan egentlig å vite kvifor. Men det spelar heller inga rolle, det er ikkje alt som må forklarast, noko berre er. 

I påska fekk eg eit sug mot havet, og hadde lyst å finne på noko med familien. Hoddevik er ein av dei vakraste plassane eg veit om, og har ein av Noregs beste surfestrender. 3 av 4 av familien min sine medlemmer har ikkje prøvd surfing før, så eg booka nybegynnerkurs hos Stad Surf og pakka bilen. 


Vel framme vart vi møtt av Julie og Jake, som driv Stad Surf. Vi fekk tildelt tjukke våtdrakter med hette, votter og sko og kvart vårt brett. Nede på stranda sat vi i ein halvsirkel rundt Jake, som gjekk i gjennom det vi må kunne for å bli kule surfere: korleis lese stranda, bølgene og eventuelle farer, fysiske lover, og teknikk. Etter vel 40 minutt med tørrtrening var vi klar for å ri vår første bølge.

Jake var med oss heile tida og hjalp med teknikk og timing ute i bølgene. Alle 4 kom seg opp i ståande i løpet av tida vi hadde i vatnet, og mestringskjensla var enorm! Men den største opplevelsen var noko uventa: Eg stod med vatn til livet og beundra ungane mine som storkosa seg i vatnet. Brått såg eg eit hovud stikke opp frå vannskorpa 10 meter i frå meg. Det var ein nysgjerrig sel som truleg lurte på kva i alle dagar vi dreiv med. Den forsvann når bølga braut, så eg svømte dit eg såg den sist. Plutseleg stakk den hovudet opp mindre enn ein meter i frå meg, men kvapp til då vi fekk augekontakt, kasta seg rundt og forsvann. Ungane hylte av fryd for å ha sett den så nært, og dette tok nok litt fokuset vekk i frå sjølve surfinga. Ein fantastisk naturopplevelse!

Å ta seg ein dag med surfing i Hoddevik er ei oppleving eg kan anbefale på det varmaste. Eg er imponert over den dyktige surfeinstruktøren som brukte masse humor i undervisninga, og fekk alle til å kjenne på mestring og glede. 

Ungane elska det og har lyst tilbake så fort som mulig, og dette skal vi virkelig gjere mykje av framover det er heilt sikkert!!

Det er litt vanskelig å ta bilder mens ein sjølv surfer, så eg legg ved albummet frå i sommer, når dotter mi og kusina hennar surfa. 

Det er i følge Thea stor forskjell på vintersurfing, og å surfe utan votter, hette og sko på sommaren, så eg ser fram til å surfe meir når det er varmare i luft og sjø!

Håper dette er til inspirasjon, og at du har lyst å prøve surfing du også!!

Sjekk gjerne ut nettsida til Stad Surf HER