Koko Norway

Eg elsker farger, det gjer noko med humøret mitt. Det er skilnad på å kle seg i svart, og kle seg i knall raudt - det er heilt sikkert! Kjolane til Koko Norway oppedaga eg for nokre år sidan då eg var på tur i Kalvåg. Den herlege Knutholmenbutikken bugna av artige og leikne pynteting, konfekt, kaffi, såper, bøker, og ikkje minst Koko-kjolar - og eg vart forelska.

Koko Norway lager ikkje rask-mote som går ut på dato etter ein månad. Det norske merket ønsker å designe kvalitetsplagg i flatterande snitt som du kan bruke i årevis. Eg legg heller litt meir pengar i eit plagg som er laga for å vare, enn eit billig eit som skifter fasong i vask. Eg trur også dette er eit viktig grep for å få ned forbruket og kjøp-og-kast-mentaliteten vår. Det er skremmande å tenke på at klesindustrien slipper ut eit større drivhusgass-volum enn all flytrafikk og sjøfart i verden.

Favorittane mine er dei store fløyelsskjortene og jumpsuiten, men eg har også blitt stoppa på gata for å bli spurt om kor eg har kjøpt dei andre kjolane! :)

Sjekk ut den norske nettbutikken kokonorway.no  der finn du stadig gode tilbod og nyheter!