PRESSE

I 2014 kollapsa kroppen til Ingeborg (38): - Naturen og skrivinga har vore min terapi

Firda, 14. aug 2018

Journalist: Rita Iren Hestad

I 2014 sa det stopp for Ingeborg Sol Fure frå Førde. Kroppen gav opp. Då hadde ho brukt fem år på ekstrem trening og diettar for å kunne delta i fitness, i tillegg til å sjonglere familieliv og jobb.

- Eg stabla meg sakte, men sikkert på føtene att. Eg begynte å gå turar i fjellet, der fann eg min friplass.

Der oppdaga ho gleda ved naturen, ved å roe ned og ta bilde. Etter kvart begynte ho å sette ord på kjenslene sine, og skrive dei ned.

- Diktinga og tekstane mine kom etter kvart. Når ein går i fjellet får ein ro til å tenke, og då kom orda til meg. Sameleis kan dei komme til meg når eg køyrer bil. Av og til må eg stoppe og skrive ned på mobilen. Det kan komme ein og anna setning, men det kan og komme strøymande eit heilt dikt på ein gong. 

Gjev ut bok etter press frå følgarane

For eit par år sidan torde ho å dele sitt første dikt med følgarane sine på bildedelingstenesta Instagram.

- Eg delte mykje naturbilde, og fekk ein del følgarar av dette. Men ord forsterkar ofte eit bilde, og omvendt. Og sidan dei fleste dikta kom til meg medan eg var på tur, og var i ei spesiell stemning, følte eg ofte at det passa å legge dette ut saman.

Ho fekk enorm respons, og etter litt press frå sine 15.300 følgarar har ho no bestemt seg for å gje ut bok.

Til inntekt for humanitær organisasjon

Alle inntekter frå boka går til å støtte den frivillige organisasjonen «Dråpen i havet».

- Det er mange organisasjonar ein kunne støtta, men denne har gjort inntrykk på meg fordi den er så liten og ny, og dei har fått til mykje bra. Fleire av venninnene mine har sjølv støtta organisasjonen ved å reise til Hellas og delta i frivillig arbeid. På denne måten føler eg at eg har fått ei nær tilknyting til den, seier Fure.

STEMNING: - Eg har alltid med meg ein kjole og kamera i sekken når eg går på fjellet, i tilfelle eg finn ei «stemning» som eg ønsker å feste til film, fortel Ingeborg Sol Fure. Foto: Ingeborg Sol Fure / @solfure
STEMNING: - Eg har alltid med meg ein kjole og kamera i sekken når eg går på fjellet, i tilfelle eg finn ei «stemning» som eg ønsker å feste til film, fortel Ingeborg Sol Fure. Foto: Ingeborg Sol Fure / @solfure

Ho har hittil selt bøker for 12.000 kroner på førehand, og fått inn 35.000 kroner frå sponsorar.

- Eg har berre reklamert via Instagram, og for å hente inn sponsorar for å hjelpe meg litt med kostnadane ved boka, har eg sagt at dei bedriftene som overfører 5.000 kroner før den går i trykken, får logoen sin og ein takk i boka.

Til saman vil det bli trykt 600 bøker.

- Målet er å samle inn 100.000 kroner til «Dråpen i havet». Oj, shit! Men det skal eg klare!, utbryt Fure i det det ser ut til at det går opp for ho kva ho planlegg.

- Eg synest det er så viktig å bruke stemma si til noko bra når ein har ei plattform slik som eg har fått. Det er det definitivt mange fleire som kunne gjort.

Hentar energi frå alt ho gjer

Om ein følger Ingeborg på Instagram kan ein spørje seg korleis ho får tid til alt, med jobb, familie, turar, trening og no - bok.

- Eg er nok kanskje litt mykje. Mannen min trur eg ofte kunne trivst med halvparten, seier Ingeborg og ler.

- Men det er berre slik eg er. Eg er impulsiv og rastlaus. Og eg trur eg hentar energi frå alle dei forskjellige tinga eg gjer. Jobb er avkopling frå trening, fjellet er avkopling frå jobb, trening er avkopling frå familien. Diktinga har fungert som terapi for meg, og eg opplevde at eg trefte følgarane mine med det. At dei og har eit behov for å sjå og lese det eg skriv. No skal boka vere klar i starten av november forhåpentlegvis, og eg håpar berre at eg når målet mitt om å få samla inn 100.000 kroner innan nyttår. Men om eg ikkje gjer det, så er det greitt og. Eg får i alle fall bidratt noko.


Ønsker du å kjøpe boka mi, kan den kjøpast på Dråpen i Havet sin nettbutikk. Klikk HER for å komme til nettbutikken.