Reelskurs

Bli med på kurs i korleis du som bedrift lagar reels!

Sosiale media har teke den digitale verda med storm, og her fins det eit enormt potensiale for deg som bedrift å nå ut til kundane dine! Millionvis av brukarar verda over er på sosiale plattformer som Instagram, Facebook, TikTok, Snapchat - og gjer det enkelt å nettverke, bygge merkevare og skaffe kundar, så lenge du veit korleis du skal kommunisere. 

Når det kjem til reels har du berre 2 sekund på å fange merksemda til sjåaren, så det gjeld å kunne triksa i boka for å få synleghet. Bodskapen i reelsen din må vere pinpointa og pakka inn inn i historieforteljing for at det skal vere interessant nok å sjå den, og dette får du lære på reelskurset vårt! Vi gjev deg oppskrifta for å lukkast med produksjon og posting reels, og i løpet av kurset produserer vi saman slik at det sit i fingrane etter endt kurs. 

Kurshaldarar er Helle Frogner og Ingeborg Sol Fure som jobbar fulltid med innhaldsproduksjon, marknadsføring og sosiale media for små og store varemerker. Vi har reist rundt i Noreg dei siste 3 åra og kursa hundrevis av bedrifter innan sosiale media, og elsker å dele av kunnskapen vår!

Kurset er sett opp i Måløy 04.04.24 kl 12:00 - 17:00 - Lokale kjem vi attende til.

Pris: 5490,- per person - påmelding i skjema under