SUNNHORDALAND

Velkomen til eventyrlege opplevingar i Sunnhordland!

Frisk, ekte og spanande er dei tre orda som skildrar denne regionen. Berre ein kort båttur frå Bergen møter du eit spektakulært naturlandskap kor den mektige breen og fjorden møter havet!
Ein perfekt destinasjon for friske utandørs opplevingar som vandring, sykkel og fiske. Destinasjonen byr også på eit møte med den genuine kyst og fjordkulturen og ein spanande vikinghistorie. Om du berre ynskjer å slappa av og nyte fred og ro, kan ein av dei mange sjarmerande hyttene eller familiedrevne hotella tilby perfekte omgjevnader til akkurat det i nærleik til naturen!

I samarbeide med Visit Sunnhordaland inviterer vi 26-30 mai på GRATIS AMBASSADØRTUR i dette området. Dei mest kjente attraksjonane er kanskje Bonhusvatnet, Folgefonna Nasjonalpark og Himmelhyttene, men destinasjonen har MYKJE meir enn dette å by på, og vi gler oss til å presentere eit program som er spekka med flotte opplevingar. Vi søker etter influensere og fotografer som ønsker å vere med oss på tur, knyte band, kose seg og dele vidare det dei opplever her. Vi står for kost, losji, aktiviteter og logistikk, DU tek med deg godt humør og eventyrlyst! :)

Korleis funker det?

Vi har kapasitiet til 20 - 30 stk som har eit genuint ønske om å vise fram området dei er på tur i, gjennom sin eigen instagram/youtube/tiktok. Du får mulighet til å bli kjent med andre influensere, og bygge nettverk med menneske du kanskje ikkje hadde truffe ellers. Gjer du ein god jobb, er det også muligheter for å inngå samarbeide med enkelte av operatørane! Her er det berre muligheter med andre ord!

Ambassadørhelga eg arrangerte i samarbeide med Knutholmen kan du lese om her

Du har kanskje ikkje 20 000 følgere, men du er sosial, på jakt etter eventyr, elsker å ta bilder, er glad i å bli kjent med folk, er nysgjerrig, kreativ og ikkje minst DIGGER naturen vår!!

Vi deler influenserne opp i grupper som blir sendt til ulike stader i Sunnhordaland. Søker du saman med nokon du ønsker å komme på gruppe med, så skriv det i søknadsskjemaet. Endeleg program og meir informasjon vil bli sendt ut til dei som blir plukka ut.

Vi gler oss til å treffe deg!!!

Søknadsfrist er 11. mai