VETVIKA 12-14 juni 2020

Vakre og urørte Vetvika er ei sjeldan perle, som MÅ opplevast! 

Det går ikkje bilveg dit, så skal ein nyte synet av den flotte stranda må ein ta beina fatt. 

Stien er diverre ganske dårleg merka så det er ikkje så lett å finne fram om du ikkje veit nøyaktig kor du skal gå. Men fortvil ikkje, 12-14 juni arrangerer eg i samarbeid med Knutholmen tur til Vetvika!

Vi startar helga fredag i vakre Kalvåg, sjekker inn på Knutholmen og et ein deilig 2 rettar middag.

Laurdag etter frukost og nistesmørring drar vi saman til parkeringsplassen på Svarstad. Herfrå går turen på grusveg ein liten time før vi kjem inn på sti som tek oss over fjellet og fram på kanten. Her får vi spektakulær utsikt over Vetvika, er vi heldige ser vi også havørn! Ta gjerne med noko sprekt i sekken, så tek eg bilder av deg! :)

Turen tek ca 2 timar kvar veg og passar for dei som er normal form, men vi skal gå roleg i eit behagelig tempo - så dette skal bli kjekt for alle! Turen ned til sjølve vika tek ca ein time ekstra frå kanten, og 1,5 time oppatt - og er dessutan hardt for knea - så dette dropper vi denne gangen. 

Laurdag etter turen et vi ein 3-rettar på Knutholmen, og koser oss ut over kvelden.

Søndag tek vi med SUP-brett til nydelege Grotlesanden og padler der nokre timer før vi avsluttar helga med yoga på stranda.

Pris pp i dobbeltrom kr 3990, inkluderer alle aktiviteter, 2 middager, 2 frukoster og 2 nistepakker. Vi tek alle smittevernshensyn og følger anbefalingane frå folkehelseinstituttet, det er difor avgransa antal plassar.

Ønsker du enkeltrom kjem det eit tillegg på 350 kr per natt

Kom som du er, mann eller dame, ung eller mindre ung, aleine eller saman med nokon. Eg lovar at helga byr på mykje morro, deilig natur, nydeleg mat og nye bekjentskap uansett!

Spørsmål eller påmelding: bruk skjema under.

Pakkeliste og detaljert program blir tilsendt på mail.

Håper du vil vere med på tur!