YOGAWEEKEND mars 2021

Helga 12-14 mars har eg gleden av å invitere til yogaweekend på fantastiske Knutholmen. Eg er blitt svært glad i denne staden, og har arrangert mange turer hit i løpet av dei siste åra. Knutholmen er kjend for mat i verdsklasse, kokkane er landslagsutøvere og lidenskapleg opptatt av å levere eit best mogleg produkt.

Eli Gro Bergby Carlsen har lang og brei erfaring i å undervise trening, og yoga er noko ho genuint brenn for å formidle. Eg sjølv har undervist i yoga i mange år og fått egenhendig erfare den utrulige effekten denne forma for trening og tilstadeverelse har på kropp og sinn. Det har hjulpe meg med både smerter og utbrenthet.

Mange seier til meg at dei ikkje er mjuke nok til å gjøre yoga. Då svarer eg alltid at det er bra, for den største bivikninga av dette er nettopp å bli meir mobil. Yoga handler ikkje om å "få til" stillingane. Det handler om opplevelsen av kropp, sinn og pust når du står i dei ulike posisjonane. Grensene flytter du gradvis etterkvart som du får ein jamn praksis, og bivirkningen er styrke, smidighet, ro og kontroll på sinn og pust.

Så! Kom akkurat som du er, om du er avansert og ønsker å utfordre, om du nettopp har begynt, eller om du har lyst å prøve yoga. Du kan vere med på alle timane om du vil, eller plukke ut dei du ønsker. Husk at du også undervegs i timane kan legge deg ned når du treng det, du er ikkje på matta for vår del, du er der for din eigen. 

PROGRAM: 

Fredag: 

1800: Velkommen

1830: Yin Yoga - 75 min

2000: 2 retters middag.

Lørdag:

0730: Dynamisk yoga - 60 min

0840: Frukost

1000: Tur til Stormhytta Dosabu (ved veldig dårleg vèr blir det yogatimar i staden)

1600: Yin yoga - 90 min

1730: Egentid

1900: 3 retters middag /evt havets festbord

Søndag:

0900: Frukost

1000: Roleg Yoga Flyt - 60 min

1130: Yin Yoga - 90 min

1300: takk for denne gang!

Pris per pers i dobbeltrom: kr 3990 - alle timar, tur, mat, frukt og te/kaffi inkl.

Enkeltromstillegg kr 300 pp/pd.

Påmelding i skjema under.

Avbestilling: Depositum kr 500 faktureres ved påmelding, resterende beløp faktureres med forfall 1 mnd før arrangement. Ved påmelding nær arrangementdato må beløpet i sin heilhet vere innbetalt seinast 3 dagar før arrangement. Ved avbestilling inntil 2 veker før tur refunderes depositum. Ved avbestilling 14-7 dager før arrangement, refunderes 50% av beløpet. Ved avmelding 6-0 dager før arrangement refunderes ikkje beløpet. Om arrangør avlyser arrangementet, refunderes beløpet i sin heilhet. 

OBS: Kun 20 tilgjengelige plasser.