Astruptunet
At Nikolai Astrup ikkje ønske å bli prest, lik faren, var eit stort skot for baugen på embetsmannen og presten i bygda. 15 år gamle Nikolai nekta å reise attende til Katedralskule i Trondheim då han var heime på sommarferie. I staden trygla han seg til å halde heimeskule for søskena sine slik at han i tillegg kunne male.
To år seinare fekk han lov å reise til Harriet Becker sin malerskule i Kristiania. Her levde han for under 50 øre dagen, og hadde pengar til verken mat eller maling. Han selde postkort for å overleve på det vesle han hadde, for det å måle var det einaste han ville. Etter eit opphald i Paris flytte han heim og vart i Jølster resten av livet.
Nikolai gifte seg med den 15 år gamle bondedatra Engel og busette seg på Sandalstrand, det som i dag er Astruptunet. Det var eit bratt, gamalt bondetun som trong mykje kjærleik og arbeid. Men her hadde dei sin eigen plass, der dei kunne dyrke frukt, bær, blomar og plantar. Å leve intimt og nær naturen var viktig for å frambringe det Nikolai ville formidle gjennom kunsten sin. Skapartrongen var stor, og kjærleiken til naturen skin godt igjennom i motiva hans. Ekteparet planta over 100 epletre og 10 ulike sortar rabarbra. Ein sommar laga dei vin til 20 bryllaup.
Nikolai døydde 48 år gamal av lungebetennelse i 1928 og etterlot seg Engel og 8 barn i alderen 2 til 17 år. På det korte livet hadde han rukke å gjere seg bemerka innan kunstverda for sin unike måte å male på. Edvard Much skreiv: «Astrup har oppedaget Vestlandets farver, særlig de grønne».
Astruptunet er i dag eit museum som alle kan besøke. Her kan du vandre rundt og ta inn dei same motiva som du finn i dei fargerike og vakre bileta til ein av Noregs største kunstnere. Astruptunet er kanskje Noreg sitt viktigaste eksempel på ein kunstnarhage som blei ein del av ein kunstnar sitt totale prosjekt. Det kan samanlignast med med tilsvarande hagar utvikla av kunstnarar som Claude Monet, Emil Nolde og Max Liebermann.
I 2014 sette Jølster kommune opp ei fotoramme laga av Bjarne Aasen, denne er ein kopi av staffeliet til Astrup, med både hatt og signatur. i 2016 fekk både Vassenden, Astruptunet og Ålhus tilsvarande rammer.