Bentebu

03.01.2024

⛰️Turbeskrivelse Bentebu 

🚗 Kjør til Urke på Sunnmøre. Ta til høgre rett etter Urke elva/campingplassen. Turparkering etter ca 100 meter.

🏃‍♀️ Lengde: 1,06 km en vei

📈 Stigning: 307 m

🕙 Tidsbruk: 1t 20 min tur/retur uten pause

⛰️Sesong: heile året

🪧Merka sti

📱 Mobildekning

Turbeskrivelse:

Frå parkeringa ved Urkeelva går stien opp gjennom skogen. Etter ca 250 meter kjem du til ein grusveg. Ta til høgre her og hald fram på vegen til det går av ein skogsveg/sti til venstre forbi hytte. Stien går no opp mot Leknesdalen. Når du kjem opp på kanten til Leknesdalen får du gapahuken Bentebu på høgre side, eit flott utsiktspunkt.

Gapahuken Bentebu ligg vakkert til i fjellsida over Urke. Eit perfekt turmål for ein kort fjelltur eller som rasteplass på veg til Saksa.

Bentebu ser over mot Egilbu på Klokkskollen. Buene har fått namnet til to eldsjeler som ikkje lengre finst, men som har sett djupe spor etter seg i bygda.

Bente var initiativtaker for å bygge trapper opp den bratte råsa til Saksa, slik at fleire kunne nyte den vakre utsikta der oppe, og ikkje berre på Slogen. Ho var kreftsjuk då ho starta prosjektet, men let seg ikkje stoppe - og ikkje lenge etter stod både trappene og gapahuken som fekk namnet Bentebu, ferdig. Saksaråsa og Bentebu vart ein braksuksess, og over 10 000 menneske skriv seg inn i turbøkene årleg. For den vesle bygda Urke med berre 35 fastbuande har dette mykje å sei. Campingplassen kunne opne att, det blir opna burgerrestaurant med alkoholservering, og nærbutikken går så det suser på sommaren.

 
Bente går bort 9 månader etter opninga i september 2015, og Urke mistar Dronninga si. Det ho har skapt er ikkje lite, og bygda ønsker å bringe vidare visjonane og intensjonen hennar: Å skape liv på Urke. Egil, Bente sin enkemann, søker etter sponsormidler og held liv i Urke Challange og Saksaløpet saman med den nye leiaren Jens Forbord. Saksa Turstiforening lever dermed aktivt vidare i Bente si ånd, med mykje sosialt fellesskap, dugnadar og høge mål.

I NRK sin artikkel "Den bratte arven" skriv dei:

"Det var på ein slik fest på Bentebu at Egil Åmbakk lanserte ideen om ein ny gapahuk. Han peika opp på høgda på andre sida av Urkebygda.

– Vi må ha ein gapahuk der oppe på Klokkskollen også, sa han.

Galskap! svarte kompisane. Dei tenkte på alle lassa dei hadde hatt på skuldrene opp til Bentebu, som berre ligg 300 meter over havet. Klokksegga er på 944.

Men snart var arbeidet i gang. Ørsta kommune godkjende søknaden, og sponsorane var på plass. Gapahuken med utsikt over Hjørundfjorden, Saksa, Slogen og resten av Sunnmørsalpane, tok sakte, men sikkert, form.

Egilbu har også utsikt ned til Bentebu. Dei to gapahukane ser kvarandre frå kvar si side av bygda.

Det var ikkje opplagt at den nye gapahuken skulle heite Egilbu.

Men så skjedde det noko som gjorde namnevalet lett.

Det var ein nydeleg vinterdag på Sunnmøre. 9. mars 2019. Egil var på skitur saman med ho som etter kvart hadde blitt kjærasten. Elisabeth Bjørke og Egil Åmbakk var godt kjende i området.

Dei skulle berre ned den siste bratte bakken før dalen flata ut ned mot Urke igjen.

Snøen losna i det vesle henget Egil skulle renne ned før dalen flata ut. Under han var det ei terrengfelle der snøen frå skredet samla seg.

Egil Åmbakk døydde 9. mars 2019"

Resten av artikkelen kan du lese HER