Birdboxing

30.07.2023

Kunne du tenke deg å bu i ei fuglekasse? Då er du ikkje aleine! Konseptet "Birdbox" har tatt reiselivsmarknaden med storm, og eg skjønar godt kvifor: Du kjenner deg aleine og får den mektige naturen tett på, men med søv i komforten berre eit hotellrom kan tilby. Eg har besøkt 3 Birdboxer i Sogn og Fjordane, og her kan du sjå bilete og lese litt om dei:

BIRDBOX SKAARALIVING

Med utsikt til snødekte fjelltopper som stuper ned i den vide Nordfjorden, kan du nyte herlige bakevarer frå Minibakeriet og slange deg i den deilige senga i Birdbox Skaaraliving! Du kan køyre nesten heilt fram, berre ein liten spasertur opp den bratte bøen er innsatsen som skal til for å kose seg her. Vertane har samarbeide med Minibakeriet, og bestiller mat for deg om du ønsker, som står klar i hytta når du kjem. Det er fleire fine turer i området, men gjer du som oss - nå nyt du heile ettermiddagen her, med den spektakulære utsikta!

Birdboxen ligg på Lotsbergskåra, like ved ferjekaia Lote i Nordfjord. 

Link til Instagram: her

Link til booking: her

BIRDBOX STOREHESTEN

Vi var her i mars, mens snøen låg som kvit glasur over landskapet. Veien var brøyta heilt fra, og det tok bare 5-6 minutt å gå til Birdboxen. I dette området kan du gå på truger, på ski, til fots gjennom vinter, vår, sommar og haust. Fjellet Storehesten ruver bak oss, mens utsikta andre vegen er ned mot Bygstad og fjorden langt der nede. Så, kva gjer ein på her? Svaret var enkelt for vår del: Vi slappa av, prata, delte ei flaske vin, naut solnedgangen og rett og slett berre kosa oss. 

Om du er litt meir rastlaus kan du gå på topptur til enten Storehesten, Lisjehesten, eller til dagsturhytta Skalaly. Du kan jakte, fiske og bade i fjord og fjellvatn.

Birdboxen ligg i Bygstad i Sunnfjord Kommune. Flyplassen i Førde, Bringeland, ligg kun 10min unna Bygstad for enkel reise. Frå Førde 30 min til Bygstad sentrum, deretter 10 min kjøring til parkeringsplass på Stølshaugane. Følg skilting mot Storehesten og Rytnevegen (bomveg kr 60). I Bygstad sentrum er det matvarebutikk.

Link til Instagram: her

Link til booking: her


BIRDBOX LANGELAND

Første gangen eg overnatta i Birdbox Langeland pøsregna det. Eg låg aleine i senga og hørte kor det tromma på taket. "Mitt lille kjøkken" sitt deilige tapasbrett stod klar i boxen når eg kom, og denne naut eg aleine. Då det klarna opp på kvelden, vaks det ikoniske synet av Storehesten fram i det runde vinduet og eg blei liggande å sjå korleis lyset endra seg i takt med at klokka kraup mot natt. FOR ein fredfull og fin kveld eg hadde! 

Birdbox Langeland ligg rett ved langrennsanlegget Langeland skisenter . Her kan du gå løyper i alle slags lengder, i mektig natur! Kva er vel betre enn å krype til køys med denne utsikta etter ein fin dag på ski?

Link til Instagram: her

Link til booking: her