Galleri Torsheim

09.08.2023
Myta. Mannen. Legenda.
Myta. Mannen. Legenda.

Det er ikkje i få år eg har vore fan av Oddvar Torsheim. Kunsten hans har facinert meg sidan eg var ganske lita. Den humoristiske, satiriske og til tider samfunnskritiske streken er ikkje mindre enn genial! 

Vennskapet vårt starta på Domus i Førde, då eg i 2018 stoppa Oddvar og spurte om eg kunne få gje han ei bok eg hadde gitt ut. Han takka høfleg ja, og med skjelvande hand signerte eg ei helsing til min store kunstnarhelt. Samme kvelden plinga det inn ei tekstmelding frå Oddvar, som hadde lese heile boka, og ville rose meg for både poesi, bilder og intensjonen bak bokprosjektet mitt: å samle inn pengar til hjelpeorganisasjonen Dråpen i Havet. Han spurte så om vi skulle treffast for ein kaffi, og det ville eg sjølvsagt, Etter dette vart det mange kaffikoppar på både Sunnfjord Hotell og på kafeen på Handelshuset i Førde. 

Vi var også ein tur til Huldefossen, kor Oddvar ikkje hadde vore på 70 år! Han har i ettertid omtalt Huldefossen som "edens hage" mange ganger. Veldig gøy å ha ein liten fotoshoot med Oddvar her! Foto: Jostein Vedvik

I 2021 inviterte Jan Fredrik på Knutholmen Oddvar på besøk for å diskutere eit mulig samarbeide, og vi drog saman til Kalvåg og var der eit par dagar. Oddvar elska staden, og ideen om eit eige kunstgalleri vaks fram.

Det eine førte til det andre og 1,5 år etterpå kunne Oddvar stolt klippe snora på Galleri Torsheim, ei permanent utstilling med omlag 250 kunstverk, mange av dei originale. Det vart ein høgtidelig opning med ikkje mindre enn 3 ordførere til stades. Operasanger Jorunn Torsheim, Oddvars dotter, stråla og sang og gav opninga den glamen som Oddvar fortente.

FOR ein kveld! DETTE har vert morro å vere ein del av!!