Kunst og kaos

01.09.2023

«Samle på stjernene du finner langs vegen» seier mamma, og det er eit godt råd. Eg skal plukke med meg alle gyldne augenblinkar eg får auge på 🌟

Etter tøffe dager på sjukehus med mamma var det en enorm kontrast å komme til Kalvåg og få å oppleve natur, kunst, musikk og fine mennesker. ❤️ Det er berre nokre veker sidan eg var her med mamma, og mens vi stod og svinga oss til fin musikk på Kalvåg Kystfestival, tikka det inn ei melding frå Trygve Skaug, som eg har kjent i mange år. Han skreiv han hadde så lyst å komme til Kalvåg og oppleve alt det fine eg har fortalt om Kalvåg, og ikkje minst få møte Oddvar Torsheim som han er stor fan av. Vi avtalte dato og eit par veker etter stod han på kaia saman med Oddvar og tok i mot meg då eg kom med båten frå Bergen.

Livet er sårbart, og difor er det ekstra viktig å ta i mot og å vere i det fine mens det skjer. Ofte er hovudet andre plasser, slik at ein går glipp av nære og ekte inntrykk som skjer der og då. Til sjuande og siste er jo denne augenblinken alt vi har, og å øve seg i å sleppe alt anna og ta i mot er jo sjølve oppskrifta på å leve livet fullt ut, er det ikkje?

Vèret var strålande og havet låg blikk, så det vart båttur med Per til Vetvika, og rundt øya - forbi Hornelen tilbake til Kalvåg. Både Oddvar og Trygve var mållause av den slåande vakre naturen vi har her ute, og det er ikkje så værst - med tanke på at dette er karer med mange ord. 

Vel heime i Kalvåg fekk vi deilig fiskemat frå Knutholmen før konsert med Trygve i Galleri Torsheim. Oddvar var tydelig både rørt og stolt, og det er ikkje så rart - for alt med dette var noko av det finaste eg har opplevd. Etter konserten signerte Oddvar plakater til alle som ville kjøpe. Køa var lang, men han tok seg tid til å snakke med, signere og ta bilder med alle. "Det koster egentlig 600 kroner for foto, men det er greitt - i dag er det gratis" spøkte Oddvar.

Takk til Trygve Skaug og Oddvar Torsheim for gode samtaler, latter og smil, delte opplevingar, klemmer, omsorg, og sist men ikkje minst: kunst og musikk 🌟❤️🎸🖼️

Lommene mine er fulle av stjerner!