Vintertelting

Å vintertelte er fantastisk, og treng slett ikkje å vere ein iskald oppleving. Det er sjølvsagt enklare å telte på sommaren, men om du liker å utfordre deg sjølv og kjenne på mestring bør du komme deg ut og nyte vinterens magi! Sjølv har eg lært meg å vintertelte ved å vere med venner som allereie kan dette, på tur. Dette tenker eg er den beste, enklaste og tryggaste måten å lære på - også er det ganske hyggelig også. Eg har samla nokre av triksa her, kanskje du lærer noko?
Kva treng du?
- Isolerande liggeunderlag. Nei, du kan ikkje sove på luftmadrass, det er iskaldt og ei tabbe du berre gjer èin gang.
- Vintersovepose, eller 2 soveposer utanpå kvarandre.
- Ull til å sove i: Tights, genser og sokker.
- Lue og evnt ein tynn ullgenser som mellomlag til å sove i.
- Varmeflaske i soveposen: Kok opp vatn på drikkeflaska di før du legger deg og bruk denne i soveposen for ekstra varme. NB: kjøp deg ei flaske som tåler kokande vatn.
- Primus som går på bensin. Gass funker dårleg i kulda. Hugs fare for kullosforgiftning, og fyr i fortelt med god lufting ved bruk av primus.
- Telt, snøpluggar, spade.
- Hovudlykt.
- Mat. Turmat på pose er enkelt og godt på tur.
- Toalettpapir, pose, håndsprit.
- Håndvarmere.
- Snøkost. Til å koste snøen ut av teltet.
- Lyslenke/lykt til hygge.
- Termos.
Hugs at du kan leie/låne utstyr til telting før du kjøper. Sjekk BUA , PINSJ og Finn.no


Korleis gjer du det?
- Trakk teltplassen flat med skia.
- Sett opp teltet.
- Legg snø på teltskjørtet.
- Grav kuldegrop framfor teltet.
- Legg inn soveutstyret så det får «sette» seg før du skal legge deg.
DNT har skrive ein grundig artikkel om vintertelting som du kan lese her: