Skåla

14.12.2023

Då eg skulle bygge meg oppatt etter at eg vart utbrent i 2013, tok venninna mi Christine Geijerstam meg med på Skålatårnet. Eg hugser at beina mine var tunge som bly heile den 8 km lange stien. Ho motiverte så godt ho kunne, men det var ikkje viljen min som streika, det var kroppen. Å komme på toppen og inn i Skålatårnet til vedfyrt ovn, varm kakao og gode smil frå andre turgåarar gløymer eg aldri. Kroppen skalv i sjokk, men hjartet og sjela var lukkeleg som aldri før. Eg hadde oppedaga turgleda.

Det som eg elsker med livet, er alle gledene du ikkje veit du skal få. I september sette eg "topptur på ski til Skåla" på Bucketlista mi for 2024. Eg manifisterer sterkt, og utan at eg gjorde så mykje for at det skulle skje var eg plutseleg, og allereie i oktober, på veg til Skåla med Svein Ørjaseter frå Lodgen Stryn og Anita Haugen frå DNT Lom. Begge to har eg blitt kjent med gjennom kursa i instagram eg held saman med Helle Frogner. 

(Klikk på bildene for å få dei opp i større format)

Kva kan ein forvente av topptur på Skåla i oktober?

Vel. Du må like å vere på tur for å sei det sånn. Vi bar skia dei 900 første høgdemeterane, og for mange er dette ein full fjelltur. Å gå med skia på sekken er tungt, og turen til Skåla er bratt og lang. 1843 høgdemeter fordelt på 8 kilometer for å vere nøyaktig. 

Eg hadde gått til innkjøp av skarejern for anledinga, desse klikka eg fast under skia og gav meg godt grep på skaren oppover dei bratte bakkane. Anita tipsa meg om at hel-løfteren vil gjere til at skarejernet ikkje stikker så langt ned, og dermed gjev dårlegare grep. Eit verdifullt tips som eg putter i kunnskapsboksen til neste tur! Dette er noko av det eg elsker med å treffe folk: eg lærer alltid nye ting!

Svein er den ultimate turguiden og drog solskinnboller og ein diger termos med kakao opp av sekken då han merka at vi hadde slutta å kvitre som to småfuglar bak han. Ikkje nok med det: Han drog også opp ein svær høgtaler som han blæsta Sissel Kyrkjebøs "Se ilden lyse over jord" på, noko som fekk stemninga opp att. Etter ein real sukkerboost var vi klare for å gå siste stykket til topps. Svein og Anita gjekk i forvegen så eg kunne fotografere med drone dei siste fargerike scenene før sola gjekk ned.

Det eg ikkje er så begeistra for når eg er på tur, er å ikkje ane kor langt det er att til toppen. Særleg når sola har gått ned, turfølget mitt har gått i frå meg, camelbackslangen min er stivfrosen og eg kjenner eg held på å gå tom for energi. Medan eg stod og famla etter sjokolade i sekken, høyrde eg lydar bak meg, og plutseleg dukka jernmann nr 2. for dagen opp: Erlend Folstad. Han hadde sykla opp grusvegen så langt han kom før han labba i eit umenneskelig tempo opp fjellsida. Snill som han er tilbaud han seg å bere noko av vekta mi, og eg gav gladelig frå meg veska med drona i. Kamerautstyr er tungt, men aldri i livet om eg går på tur utan! Vi slo følge det siste stykket opp til Skåla, som viste seg å vere mykje kortare enn eg først hadde trudd. FOR ein lettelse!

Skålabu har sengeplasser til 20 personer, som kan forhåndsbestillast. Denne hytta er veldig populær på sommarhalvåret, men er open heile året og du treng ikkje nøkkel for å komme inn. Den er utstyrt med dyner og puter, kjøkkenutstyr, toalett, ved og mat - men vatn må du smelte av snø som du finn utanfor, eller bere med deg sjølv. Husk å ta med lakenpose eller sengetøy om du skal sove her. Du betaler for overnatting og evnt mat du tek frå matboda på vipps. Meir praktisk info kan du finne her

Vi stod opp til ein strålande soloppgang, og skvaldra i veg medan kaffi og brødmat gjekk ned på høgkant. Det er noko eige med å vere på tur. Dei du er der saman med er venene dine, uansett kor kort tid du har kjent dei. Alle vil kvarandre berre det beste, og deler raust av tips og triks, mat og drikker, skryt og klemmar. 

Ein ting er sikker: Eg skal ha fleire overnattingsturar på ski før sommaren kjem, for dette var heilt magisk! Å kaste seg rundt og bli med folk du ikkje kjenner så godt på impulsive turer kan bli litt av eit eventyr, det trur eg alle fire på denne turen kan vere enig i.

Om du skulle få lyst til å være med meg og Svein på tur, OG lære masse nyttige greier om mellom anna historiefortelling, instagram og reels, kan du melde deg på toppturhelg x instagramkurs i Stryn HER. 

Kven veit, kanskje du både får ny kunnskap, episke eventyr OG vener for livet?